SiloReverb
Eg har ein ide om ein ny type reverb boks, silo-reverben. Det går ut på at ein stream'ar lydsignalet inn til ein fysisk silo, slik at lyden kan gå gjennom og tilbake til mottakaren med reverb. Teknikken er inspirert av reverb-rom som har blitt brukt i studio før, som rett og slett er eit rom med mikrofon i eine enden og ein høgtalar i andre enden. Silo-reverben bør kunne regulere avstanden mellom mikrofon og høgtalar, mha robotarmar som er styrt av eit klientprogram hjå brukaren. Det kan og vere mogleg å dekka veggane med tekstil e.a materiale, som kunne ha stått på rullar øverst i siloen og blitt rulla ned etter ynskje frå brukaren.
Marknad/behov
Er det så bruk for noko slikt i dagens digitale verden, der ein kan få FLOTTE digitale reverb-plugins servert rett på desktopen. Vidare har ein convolution, som representerer ein vesentleg betre teknikk enn tradisjonell digital reverb. Likevel er fleire lydprodusentar ofte ute etter analog lyd, for ulike grunnar, så sjølv om regulering av parameter o.l ikkje vil gå i sanntid vonar me at løysinga vil vekkja interesse i marknaden.
Finansiering
Eit slikt prosjekt kan vanskeleg gjerast utan finansiering (bortsett frå prototypar og ein evt testversjon). Dette kunne skje gjennom annonsering på heimeside, donasjonar, eller betal-for-bruk av silo-tenesta.Testbetaling
| Dato |
| Option 1 Option 2 Option 3 |
